Dersom du er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, kan vi tilby gratis vidaregåande opplæring.
Eid vidaregåande skule har dette tilbodet innan vaksenopplæring skuleåret 2021–22:
-
vg4- påbygg til generell studiekompetanse
Ordinær skule eller nettbasert vg4-påbygg til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse. Tilbodet er populært, og gir ferdigutdanna fagarbeidarar høve til å ta generell studiekompetanse medan dei er i arbeid. -
CNC-operatør
vg1 - teknologi og industrifag / Gloppenmodell -
Industrimekanikar
vg1 Teknologi og industrifag / Gloppenmodellen -
Industrisnikkar
vg1 - teknologi og industrifag / Gloppenmodellen
Har du spørsmål, kan du ta kontakt med rettleiingstenesta ved hjelp av denne lenkja
For å få tilbod om vaksenopplæring / realkompetansevurdering, må du sende søknad via www.vigo.no. Klikk deg inn på “Vaksenopplæring/realkompetansevurdering” og følg instruksjonane du får. Legg inn ønska sluttkompetanse, tidlegare skulegang og praksis. Dersom du ønskjer rettleiing, kryssar du av for dette, og vi kontaktar deg.