Teknologi- og industrifag

Elev som sveisar

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

For deg som

  • likar å arbeide praktisk
  • ønske å lære meir om ulike verktøy og maskiner
  • likar å samarbeide med andre
  • er nøyaktig og sjølvstendig
  • er interessert i ny teknologi

Praktisk opplæring

Eid vidargåande har eit breidt og godt samarbeid med bedrifter innan fagområdet og samarbeider tett med lokalt og reigonalt næringsliv, og nyttar bedriftsbesøk og yrkespraksis som ein viktig del av opplæringa og vidare yrkesrettleiing/karriereval.

Skulen legg vekt på elevane sin trivsel og medverknad i skulekvardagen. Ein stor del av undervisninga er praktisk retta og nytt og moderne teknisk utstyr vert nytta. Entreprenørskap og arbeid med ungdomsbedrifter er eit satsingsområde.

På Eid vgs jobbar du tett opp mot arrangement i Operahuset Nordfjord. TIF-elevane er blant anna med og lagar kulissar, byggjer scene, sveiser lampar og lagar møblar og interiør til operaforstillingar og musikalar.

Elevane jobbar etter teikningar frå profesjonelle scenografar, lydesignerar og rekvisitørar og må verkeleg utfordre seg sjølv for å nå måla. Møbelbransjen er stor i vår region, og vi samarbeider tett med næringslivet gjennom trearbeidsringen.

Teknologi- og industrifag

Noko av det du lærer

  • produksjonsplanlegging og produksjonsprosessar
  • automatisering og programmering
  • design og produksjon av varer og tenester
  • køyretøy og transport
  • kjemiteknikk
  • teknologisk utvikling
  • drift og vedlikehald
  • helse, miljø og tryggleik

Kva kan du bli?

  • aluminiumskonstruktør, sveisar eller platearbeider
  • verktøymakar eller finmekanikar
  • faglaborant eller operatør i kjemisk prosessindustri
  • industrisyar, operatør i trikotasje eller vaskerioperatør
  • bilskadereparatør, bilmekanikar eller billakkerar
  • logistikkoperatør eller yrkessjåfør
  • anleggsmaskin-, landbruksmaskin- eller motormekanikar
  • bore- eller brønnoperatør
  • matros eller motormann

Tilbod på Eid vidaregåande skule

  • Vg1 Teknologi- og industrifag
  • Vg2 Industriteknologi

Etter vg2

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om moglege yrkesvegar og vidare utdanning på:

På Vg1 Teknologi- og industrifag ved Eid vidaregåande skule får du ein god blanding av praktisk og teoretisk opplæring.

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag, programfag og yrkesfagleg fordjuping

Programfag

  • Produksjon
  • Dokumentasjon og kvalitet
  • Tekniske tenester  

Yrkesfagleg fordjuping 

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Bedriftsbesøk
  • Fordjuping innanfor ulike delar av fagområdet
  • Arbeid på verkstad
  • Hospitering i bedrifter, vg1 har utplassering over 15 veker ein dag i veka

Fellesfag

  • Matematikk
  • Engelsk
  • Naturfag
  • Kroppsøving

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag, programfag og yrkesfagleg fordjuping

Programfag

  • Produksjon
  • Dokumentasjon og kvalitet
  • Reparasjon og vedlikehald 

Yrkesfagleg fordjuping 

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Bedriftsbesøk
  • Hospitering 4 veker i løpet av eit skuleår
  • Fordjuping innanfor ulike delar av fagområdet
  • Arbeid på verkstad

Fellesfag

  • Samfunnsfag
  • Norsk
  • Kroppsøving