Studiespesialisering

Elevar som samarbeidar

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Likar du biologi, mediafag, engelsk, politikk og menneskerettar, sosiologi eller andre real-, økonomi og samfunnsfag. Då passar utdanningsprogrammet studiespesialisering godt for deg.

Studieførebuande linje gjev deg eit solid grunnlag for å studere vidare ved høgskule eller universitet, både i Noreg og i utlandet. På Eid vidaregåande skule ynskjer vi å førebu deg best mogleg for vidare studier gjennom fokus på læring, inspirasjon og trivsel.

Studieførebuande ved Eid vidaregåande skule

Skulen har to parallellklassar, kvar med inntil 30 elevar. På vg1 har du for det meste berre fellesfag (obligatoriske fag).  På vg2 og vg3 vel du halvparten av timane dine sjølv. Du vel minst tre programfag kvart år. To av faga må være innan programområdet for realfag eller for språk, samfunnsfag og økonomi, og desse faga skal du følgje i to år.

For deg som vil studere vidare

Når du har fullført og bestått tre års skuleegang, får du generell eller spesiell studiekompetanse. Da kan du søkje opptak på høgskule og universitet. Somme studier krev at du vel spesielle fag. For mange studium er det stor konkurranse om å komme inn. Det er karakterane dine og dei programfaga du vel, som vil avgjere om du får starte på det studiet du ynskjer deg mest.

 

Vi tilbyr

Det første året, vg1

Du må ha 30 timer i løpet av veka. Du må velje mellom matematikk 1P (praktisk) eller matematikk 1T (teoretisk) og andre framandspråk (tysk eller spansk).

Fellesfag/obligatoriske fag på Vg1 er:

  • Engelsk:  standpunktkarakter på vitnemål
  • Norsk: standpunktkarakterar og eksamen etter VG3
  • Matematikk: 1P/1T (Praktisk/Teoretisk matematikk)  standpunktkarakter på vitnemål
  • Naturfag: standpunktkarakter på vitnemål
  • Samfunnsfag:  standpunktkarakter på vitnemål
  • Geografi:  standpunktkarakter på vitnemål
  • Kroppsøving: standpunktkarakter VG3
  • Framandspråk: nivå 1 tysk, nivå 2 tysk eller nivå 1 spansk (viss du ikkje har hatt språk på ungdomsskulen, må du ha tysk i 3 år)

Det andre året, vg2

Fellesfag/obligatoriske fag på vg2 utgjer halvparten av veka. Resten av faga kan du velge sjølv. Fellesfaga er:

  • Norsk
  • Historie
  • Kroppsøving
  • Framandspråk: nivå 1 tysk, nivå2 tysk, spansk, standpunktkarakter på vitnemål (viss du ikkje må ha språk på vg3)
  • Matematikk 2P (Praktisk matematikk): standpunktkarakter på vitnemål (viss du tek realfagsmatematikk R1, skal du ikkje ha matematikk 2P)

Programfag du kan velgje på vg2 er:

  • engelsk 1
  • økonomistyring
  • medie- og informasjonskunnskap 1
  • sosiologi og sosialkunnskap
  • matematikk R1
  • kjemi 1
  • biologi1
  • fysikk1

Det tredje året, vg3

Fellesfag på vg3 er også halvparten av veka. Resten er programfag.

Fellesfaga er:

  • Norsk: standpunktkarakter på vitnemål
  • Historie: standpunktkarakter på vitnemål
  • Kroppsøving: standpunktkarakter på vitnemål
  • Religion: standpunktkarakter på vitnemål

Programfag du kan velje er:

  • engelsk 2
  • økonomi og leiing
  • medie- og informasjonskunnskap 2
  • sosialkunnskap
  • politikk og menneskerettar
  • matematikk R2
  • kjemi 2
  • fysikk 2

 

Valfritt programfag på vg2 / vg3

Dei valfrie faga kaller vi programfag. Du må ta to fag innanfor ditt programområde (anten realfag eller språk, samfunn- og økonomifag) som du har over to år. I tillegg kan du velje eitt programfag uavhengig av programområde.  Du kan lese om dei ulike programfaga på vilbli.no.