Kombinasjonsklasse

Lærar og elevar

Dette er eit tilbod for deg som er mellom 16 og 24 år, og som treng meir grunnskuleopplæring før ordinær vidaregåande opplæring. Du får opplæring i grunnskulepensum over eitt eller to år, der du avsluttar med grunnskuleeksamen.

Ved Eid vgs får minoritetsspråklege frå Eid, Vågsøy og Selje eit tilbod om å ta grunnskulen og få vitnemål etter 10.klassefag. Dei går 1 eller 2 år, avhengig av tidlegare skulegang og norsknivå. Faga dei har er norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag, utdanningsval, klassens time og kroppsøving. Klassa er eit samarbeid mellom Eid kommune og fylkeskommunen.