Ser du for deg ei framtid som sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut eller liknande? Helse og oppvekst – studieførebuande er eit godt val for deg som ønskjer høgare utdanning innan helse- og oppvekstsektoren.
Ser du for deg ei framtid som barnehagelærar, sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut eller liknande? Helse og oppvekst – studieførebuande er eit utmerka val for deg som ønskjer høgare utdanning innan helse- og oppvekstsektoren.
Helsefag– studieførebuande er eit 3-årig utdanningsløp ved Eid vidaregåande. Dette programmet skil seg frå studiespesialisering ved at elevane tar programfag i Helse og oppvekst i staden for geografi, religion og språkfaga spansk, tysk eller fransk.
FAG OG TIMEFORDELING
Her får du praksisretta programfag i helsefag samtidig som du kan fordjupe deg i realfaga du treng for å studere medisin og andre helse- og psykologifag. Målet er å legge til rette for den helsefaglege forståinga du treng i høgare utdanning. Dette gir ei unik studiekompetanse. Du kan også velje andre programfag enn realfag og sikre deg generell studiekompetanse.
Helsefag med studiekompetanse er eit nytt studieprogram på Eid vidaregåande skule, oppstart hausten 2025. Ein arbeider avtalar om praksis med eksterne aktørar.
Les om hospiteringsdagane 2024 for 10.klasse her.