Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign

Elevarbeid

Er du kreativ, estetisk anlagt og interessert i å arbeide med hendene? Då kan Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign vere noko for deg. Du går 2 år på skule og kan deretter gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

For deg som:

  • Vil arbeide yrkesretta mot frisør, blomsterdekoratør, interiørkonsulent, eksponeringsdesigner, maskør og parykkmaker eller profileringsdesigner
  • Vil lære gjennom praktisk arbeid
  • Vil arbeide med form og farge
  • Likar å arbeide med folk

Vg1 Frisør, blomst, interiør og eksponeringsdesign (FBIE)

Noko av det du lærer på FBIE:

  • Bruke materialar, teknikkar og verkty som er knytt til arbeidsområda frisør, blomster, interiør, profilering, utstilling, maske- og parykk
  • Arbeide med yrkesrelevante oppgåver
  • Bruke ulike digitale verkty. Mellom anna Adobepakken, laserkuttar og folieskjærar
  • Om stilhistorie og trendar
  • Om kommunikasjon og kundebehandling
  • Arbeide i ein designprosess frå ide til ferdig product
  • Utvikle skaparevna og lære om korleis produkt skal framstillast

 

Kva kan du bli?

  • Frisør
  • Blomsterdekoratør
  • Interiørkonsulent
  • Utstillingsdesigner/ Eksponeringsdesigner
  • Profileringsdesigner
  • Maskør- og parykkmaker

Les meir om dette på vilbli.no

 

Tilbod på Eid vgs etter FBIE:

 

Sjå fleire av våre prosjekt på instagram: @fbie_eid_vgs

Brosjyre for vg1FBIE, vg2IEDA og vg2FRIA ved Eid vgs.

Som elev ved Eid vidaregåande skule får du vere med å jobbe tett opp mot aktivitetar/arrangement i Operahuset, spesielt den årlege skulemusikalen som elevane produserer. Du får samarbeide med elevar frå andre klassar og faglærarar med ulik kompetanse. Gjennom samarbeid med Opera Nordfjord får ein moglegheit til å ta del i arbeidet med ei operaoppsetting og arbeide saman med profesjonelle fagfolk innan kulturfeltet.

Felles tilbod for elevar ved Eid vgs

  • Kvar veke er det open skule med aktivitetar og gratis middag
  • Valfaga musikal og breiddeidrett
  • Tilgong til treningsrom
  • Stor flott kantine som tek omsyn til allergiar m.m.

 

Skuleåret er satt saman av programfag, fellesfag og yrkesfagleg fordjuping

Fellesfag

  • Engelsk
  • Matematikk
  • Naturfag
  • Kroppsøving

Programfag

  • Produktutvikling og produksjon
  • Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv

Yrkesfagleg fordjuping

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Bedriftsbesøk
  • Fordjuping innanfor ulike delar av fagområdet
  • Arbeid på klasserom og verkstad