Hopp til hovedinnhold

Det du treng å vite...

Eid vgs og Operahuset Nordfjord

Eid vidaregåande skule ligg i Eid sentrum sentralt i Nordfjord. Skulen er samlokalisert med Operahuset Nordfjord som inneheld kino, bibliotek og operasal.

Skulen vår har i dag omlag 400 elevplassar og 85 tilsette. Vi har eit breidt utval av utdanningsprogram.
 
Eid vidaregåande er ein aktiv regional utviklingsaktør som samhandlar tett med lokalt arbeidsliv og kulturliv. Utdanningsprogramma ved Eid vidaregåande skule utfyller kvarandre og aktiviteten i Operahuset Nordfjord godt. 
 

Kvar ligg skulen?

Skulen vår ligg sentralt til midt i Nordfjordeid sentrum. Besøksadressa er Sophus Lie-vegen 3.
 

Ta kontakt

Har du spørsmål kan du ringe oss på telefonnummer 57 63 83 00 eller sende ein e-post til postmottak.eidvgs@vlfk.no

Lokala våre

I foajeen finn du kantina for elevar og tilsette. Denne er open måndag-fredag og har eit variert innhald av mat og drikke.

I første etasje finn du også Eid bibliotek. Dette brukar vi som skulebibliotek.

Meir om Oprahuset Nordfjord finn du på nettsida deira.

Utleige av lokaler

På Eid vidaregåande skule kan du leige møterom og klasserom. 

Skulen si historie

Eid vidaregåande skule har solide røter. Les meir om skulen si historie.