Hopp til hovedinnhold

Vikingtida på Nordfjordeid

I faga norsk og historie på vg2 og vg3 påbygging er vikingtida læreplanmål både når det gjeld sjølve historia, litteratur og språk. På Nordfjordeid finn vi mange spor frå vikingtida, og desse ynskjer vi å verte enno betre kjent med i praksis. I år besøker desse klassene linja «Vikingliv» ved Fjordane Folkehøgskule og kunnskapssenteret Sagastad, der ein mellom anna kan sjå og gå opp i det rekonstruerte Myklebustskipet.

 Ved Folkehøgskulen fekk 2sta besøke langhuset, som er eit ganske stort og veldig flott langhus bygd for ikkje mange år sidan. Her fortalte lærar Aslak Dahle og elevar ved vikinglinja om huset, om då guden Balder døydde og om Åsatru. Elevane vart delt inn i grupper, der dei fekk snakke med elevar ved vikinglinja om det å gå på folkehøgskule, slik at dette også vart litt studieinformasjon:) Så leika vi fleire vikingleikar, og avslutta med taudraging mellom «vikingane» og 2sta. Alle kjempa tappert og gjekk ut av kampen med stor ære, men sidan vgs-klassene vart stort overlegne i tal, gjekk sigeren til dei. Tusen takk for eit kjekt og lærerikt besøk:) 

 Ved Sagastad fekk vi først ein gjennomgang av historia kring Kong Audbjørn av Fjordane og vikingtid her på Eid. Vi fekk høyre om utgravinga av vikinggrava Rundehåjen som har vore gjennomført nyleg, 150 år etter at arkeologen Anders Lorang stod for den første utgravinga av gravhaugen. I samband med dette fekk vi sjå noko av kolet som er teke ut av gravhaugen, og vi fekk med oss ein liten bit av vikingtida i form av ein liten kolbit – det var utruleg spesielt!! I tillegg er det noko eige med det å kunne få setje fot i eit skikkeleg vikingskip og sjå kor stort eit slikt skip faktisk var. Saman med at ein fekk observere arkelogiske utgravingar i eige nabolag gir slike erfaringar ei anna forståing av historia.

Tusen takk for eit kjekt og lærerikt besøk!