Velkomen til open kveld for 10.klassingar med føresette

Bilete av Eid vidaregåande skule i fugleperspektiv.

Velkomen til open kveld på Eid vidaregåande skule onsdag 25.januar kl.18.00-20.00.

Skulen heldt open slik at 10.klassingar og foreldre kan kome å få den siste informasjonsrunden før ein skal bestemme seg på kva utdanningsløp ein skal velje. Det vert kaffi, saft og twist i kantina, og der møter du avdelingsleiarar og rådgjevarar som kan vise deg rundt på skulen. Det blir også høve til å treffe lærarar og elevar frå dei ulike utdanningsprogramma som skulen har.

FBIE - Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign

TIF – Teknologi- og industrifag

EL – Elektro og datateknologi

ST - Studiespesialiserande utdanningsprogram

  • Realfag
  • Språk, samfunnsfag og økonomi

 

For meir informasjon om kva utdanningar vi har sjå heimesida eid.vgs.no