Handverk, design og produktutvikling har hatt utstilling

Serveringsbrett i tre

Torsdag 9.juni hadde elevane på handverk, design og produktutvikling utstilling på klasserommet for å vise mykje av dei produkta som er laga gjennom skuleåret.

Elevane viste fram ein mengde produkt i ulike materiale og teknikkar som dei har jobba med i faga materiale og teknikkar og yrkesfagleg fordjuping (YFF). Nedafor ser ein bilete av puff, serveringsbrett, vesker, glasabeid, sølvsmykker, tinnsmykke, perlevev, keramikk og mykje anna.

Elevane sjølve syns at skuleåret har gått fort og at dei har lært og erfart ein heil del. Litt kjedeleg å tenke på at denne linja ikkje er på Eid vgs neste år.