Torsdag 11. april var det duka for språkdebatt i klasserommet til 2STA!
Korleis trur du det hadde utspelt seg dersom Henrik Wergeland, Johan Sebastian Welhaven, P.A. Munch, Knud Knudsen, Ivar Aasen og Asbjørnsen og Moe møttest i same rom for å diskutere språksituasjonen i Noreg ein gong på 1800-talet? 2STA jobba med læreplanmålet "gjere greie for den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i dag" i mars og april, og for å oppsummere dette arbeidet, arrangerte me ein språkdebatt. Me delte klassen i to, og elevane fekk tildelt rollekort med ein viktig person frå språkdebatten på 1800-talet. Vidare blei oppgåva å setje seg inn i kva alle dei ulike personane meinte og kva betydning dei hadde i språkdebatten på 1800-talet, for å vere godt rusta til å kaste seg inn i diskusjonen om korleis det norske språket skulle vere i framtida.
Alle hadde førebudd seg godt, og det blei frisk og patosfylt diskusjon i begge debattane.
Skrive av faglærar i norsk, Marianne Valeberg Nes
![Elevar sit klare med pultane sine i klasserommet.](https://eid.vgs.no/contentassets/2f1d7e11066441c18591925086cfe87a/processed-ad289077-103d-4c34-8154-823b7a8bedc81.jpeg?width=1280&quality=80)
+
-
Se større bilde
![Elevane viser fram kva forfattar dei har fått.](https://eid.vgs.no/contentassets/2f1d7e11066441c18591925086cfe87a/processed-c1149e32-8fa0-4f70-b8a0-e61d953e9aa71.jpeg?width=1280&quality=80)
+
-
Se større bilde
![Elevar sit med pultane sine i klasserommet.](https://eid.vgs.no/contentassets/2f1d7e11066441c18591925086cfe87a/processed-ca5c746d-75a0-4989-907e-065ff28449cb1.jpeg?width=1280&quality=80)
+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene