Realfagselevane frå Eid og Stryn fekk smaken på studentlivet i Trondheim
40 realfagselevar frå Eid vidaregåande skule og Stryn vidaregåande skule reiste til Trondheim for å utforske studentlivet, oppleve realfag i praksis og bli betre kjende med ein av Noregs største studentbyar. Turen gav både fagleg påfyll, nye vennskap og inspirasjon til framtidige studieval.
Onsdag 23. september sette ein spent og gira gjeng kursen frå Nordfjordeid mot Trondheim. Med 32 elevar frå R1 og R2 ved Eid vidaregåande skule og åtte fysikkelevar frå Stryn vidaregåande skule låg alt til rette for nokre innhaldsrike dagar i Trondheim. Med på turen var realfagslærarane Ingrid, Jan Håvar og Hanne frå Eid VGS.
Torsdag gjekk turen til NTNU på Gløshaugen. Her fekk elevane møte studentar, delta på workshopar, sjå laboratorium og undervisningsrom og lære meir om korleis kvardagen som student kan vere. Dei fekk òg informasjon om studietilbod og studentliv – og sjølvsagt pizza!
For mange blei besøket ei stadfesting på at Trondheim kan vere ein aktuell stad å studere etter vidaregåande.
– Eg synest det var kjekt å sjå og få oppleve korleis studentane hadde det på NTNU. Det var spennande å sjå laboratoriane og klasseromma, fortel Jack.
Mange blei særleg overraska over kor mykje studentane engasjerer seg frivillig.
– Eg blei overraska over kor mykje frivillig arbeid studentane driv med. Trondheim er verkeleg ein studentby! fortel Emma.
Fekk lyst til å studere i Trondheim
Besøket gjorde inntrykk på fleire av elevane, og nokre fekk verkeleg smaken på studentlivet.
Emilie trekte fram opplevinga av å få vere med på Researchers’ Night, der elevar frå heile landet kunne utforske realfag gjennom føredrag, stand, eksperiment og konsert.
Ho sette òg pris på fridomen til å utforske byen på eiga hand og sit att med endå større lyst til å studere i Trondheim.
Martin er òg positiv til tanken på å ta utdanning ved NTNU. Han vurderer mellom anna marinteknikk eller byggingeniør.
Hanna meiner turen var svært vellukka og at det å reise saman har gjort godt for klassemiljøet.
– Ein solid 10 av 10-tur! Det var samlande for klassa å få reise på ein slik tur. I tillegg var det kjekt å bli kjend med elevane frå Stryn, seier ho.
Frå Nidarosdomen til Vitensenteret
Sjølv om NTNU var eit av dei store høgdepunkta, fekk elevane òg oppleve mykje av det Trondheim har å by på.
Dei vandra mellom kjende landemerke som Nidarosdomen, Festningen og Bakklandet, og fekk sjå Nidelva og Singsaker studentheim. Middagen på Sabrura på Bakklandet blei eit sosialt høgdepunkt, og hotellfrukostane gav energi til nye dagar med opplevingar.
På Vitensenteret fekk elevane sjå film i planetariet, prøve seg på fysikkløypa, lodde og utforske ulike delar av naturvitskapen. Det blei òg tid til shopping, sightseeing, golf og forsøk på å lære seg trønderdialekt.
Fredag kveld var det klart for turens store realfagsarrangement: Researchers’ Night på NTNU. Rundt 1100 realfagselevar var samla til ei kveld med inspirerande føredrag, utstillingar, eksperiment og konsert. Her fekk elevane oppleve korleis realfag kan formidlast på ein engasjerande og praktisk måte.
Meir enn berre ein skuletur
Klokka 22.30 fredag kveld vende ein sliten, men fornøgd gjeng nasen heimover mot Vestlandet. Med seg i bagasjen hadde dei nye erfaringar, gode minne og kanskje nokre tankar om kva dei vil gjere etter vidaregåande.
Ein slik tur handlar om meir enn å besøkje ein ny by. Han gir elevane høve til å sjå korleis kunnskapen dei lærer på skulen, kan brukast vidare i studium og arbeidsliv. Samstundes får dei eit innblikk i korleis det er å flytte heimanfrå, bli student og finne sin eigen plass i eit nytt miljø.
Og sjølvsagt var Sophus Lie-skjortene med på turen! Dei vekte merksemd både blant studentar og professorar på NTNU.
Etter to innhaldsrike dagar i Trondheim er det fleire som reiser heim med eit nytt perspektiv på framtida, og kanskje med Trondheim som ein aktuell studiestad.


Skrevet av Realfagselev ved Eid vidaregåande skule
