Hopp til hovedinnhold

Open kveld 24.januar kl.18.00-20.00

Bilete av Eid vgs.

Onsdag 24.januar er det open kveld ved Eid vidaregåande skule kl.18.00 - 20.00. Skulen heldt open slik at 10.klassingar og foreldre kan kome å få den siste informasjonsrunden før ein skal bestemme seg på kva utdanningsløp ein skal velje. Det vert kaffi, saft og twist i kantina, og der møter du avdelingsleiarar og rådgjevarar som kan vise deg rundt på skulen. Det blir også høve til å treffe lærarar frå dei ulike utdanningsprogramma som skulen har.

Utdanningsprogram ved skulen er

FBIE - Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign

TIF - Teknologi- og industrifag

EL - Elektro og datateknologi

ST - Studiespesialiserande utdanningsprogram

  • Realfag
  • Språk, samfunnsfag og økonomi