Lærarlaget var klar for ny turnering etter eit godt resultat i fjor og reiste spente til Molde sist helg.
I Molde var det årlege Norges mesterskapet for skuletilsette i volleyball klart. 126 lag stilte opp og det vart spelt kampar på 12 baner over to dagar. Eid VGS laget bestod i år av Tone, Hanne, Thea, Malin, Jan Håvar, Ivar og Kim. Vi spelte bra i første kamp og vann, vidare gjekk det nedover og sjølv om vi møtte jamngode lag vart det nokon tap på rad. Det vart totalt fem kampar, der vi vann første og siste kamp, og dei imellom er vel ikkje så nøye med.. Vi gjekk uansett ut av hallen med ei god kjensle og er klar for revansj i Oslo neste år.



Vi rakk også å sole oss mellom kampane, ta eit bad i havet, ete ute og dra på afterparty. Vi hadde ei veldig kjekk helg og håper fleire lærarar vert med neste år!

