Oliver Takserman-Skinlo(18), Ruth Holmen Balsnes(18), Karen Lynn Refsnes (18) og Siren Lekanger Hafsås(16) har alle ei eller fleire roller i musikalen «Alice i Vidunderland» som Eid VGS sett opp i år. Dei arbeider mykje både bak og på scena for å få alt til å stå saman til slutt.
Når ein velger eit fag, så er det viktig å være intressert og ha lidenskap for faget.
- Eg valde musikal fordi eg likar musikk og dans. Eg har og vore med på mange musikalar tidlegare. Så er det jo enkelt å få god karakter viss ein legg inn innsats på øvingane. Dessuten måtte eg ha eit valfag, seier Ruth.
Å meistre noko ein er glad i er viktig for å lykkast. For Siren er det viktig og ha det kjekt og å få det til. Då arbeider dei betre saman. Det er og sentralt for at musikalen skal ta form. Siren seier at det kjekkaste med å vere med på musikal er følelsen av å mestre noke eg er intressert i og å sjå musikalen ta form. Det er heilt magisk å sjå framgangen i prosessen.
Når ein får ei rolle i ein musikal, må ein prøve å forstå personligheiten til rolla si. Ein er og nødt å prøve å bli kjend med karakteren sånn at ein får formidla karakteren best muleg. Når ein har fleire roller kan det bli meir komplisert
- Eg er filurkatten i musikalen, eg er glad for rolla og synst den passa meg greit for meg, seier Karen.
- Eg er Gammal døgnfluge og sjefen over Kortarmeen. Eg er fornøgd med rollene mine meg eg kan ikkje sei at eg kjenner meg så mykje igjen i dei, fortel Oliver.
Å øve masse når ein skal delta i ein musikal er det viktig å øve. Det er både dans, song, replikker og bevegelser som skal sitte støypt på premiera.

- Vi har øving kvar måndag, og nokre onsdagar. Vi har og nokre helgeøvinger. Det er veldig kjekt. På øvingene går vi gjennom dans, song og replikkar. Det kan bli litt slitsamt i lengda med det er verdt det. Vi har og eit eige ansvar på å øve heime på replikkar og dansane våre. At alle øve er viktig for at vi skal klare å synkronisere oss når vi begynner på scena. Vi må og vere ærlige på at det er masse tull og tøys bak kulissene. Vi har blitt godt kjent heile gjengen, fortalte dei nesten i kor!
Det å ha det kjekt er viktig og når så mange skal samarbeide. Då får ein meir motivasjon for å prestere best mogeleg på scena og ein får betre resultat.
- Det kjekkaste med musikalfaget er å sjå at musikalen tar form. Det er og veldig kjekt dei øvingane vi begynner å få det til, svarte Karen
- Det kjekkaste med å vere med på musikal er følelsen av å mestre noke eg er intresert i og å sjå musikalen ta form. Det er heilt magisk å sjå framgangen i prosessen, seier Siren
Det å være med på ein musikal kan være utfordrande. Det er mange ting som skal sitte og det er lett å gjere feil.
- Eg synes det er mest utfordrande å synge og danse samtidig. Det kan bli veldig slitsomt i lengda, fortel Ruth
- Eg føler det er utfordrande for mange å hugse alle replikkane sine, spesielt viss ein har mange forskjellige roller, seier Oliver.
Musikalfaget er eit av 2 valfag som Eid VGS tilbyr. For å sette opp ein musikal er det viktig å ha nok folk til alle rollene.
- Vi vil absolutt anbefale musikalfaget som valfag. I alle fall om du er intresert i musikk, dans og drama og om du bare har lyst på ein litt annleis utfordring. Vi har fått mange nye vennskap på tvers av årstrinn og linjer på skulen. Ein treng heller ikkje å vere kjempeflink å synge og danse for å vere med, så lenge ein har motivasjonen i boks kjem ein langt. Ein veks masse på øvingane og vi utvikler gode ferdigheiter ilag, fortel Oliver og Ruth.
