Fredag hadde påbyggselevane ved Eid vidaregåande skule ein innhaldsrik fagdag i matematikk. Temaet for dagen var modellering, og elevane jobba med ei spennande prosjektoppgåve som knytte teori til praktisk bruk.
Elevane valde sjølve tema som interesserte dei, og henta datasett frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som grunnlag for arbeidet. Målet var å analysere datasetta, finne ein passande funksjonsmodell gjennom modellering, og bruke denne til å beskrive utviklinga. I tillegg skulle dei vurdere gyldigheita av modellen, diskutere eventuelle feilmarginar og kome med prognosar for framtida.
For å løyse oppgåvene tok elevane i bruk digitale verktøy som GeoGebra til regresjonsanalysen og Excel til framstilling av diagram. Dagen vart avslutta med gruppeframføringar der dei presenterte resultata sine. Det var god stemning i klasserommet, og fleire «punsja» seg sjølve til å gjere det ekstra bra under framføringa.
Elevane fekk gode tilbakemeldingar både på innsatsen og presentasjonane, og mange opplevde at dei hadde lært mykje. Faglærar oppsummerer dagen med å seie at elevane no står godt rusta til å gjennomføre modellering i framtidige oppgåver.





