Dei siste vekene har elevane som går fyrste året på studiespesialisering arbeidd med eit Lektor 2 prosjekt. Her har dei arbeidd med eit oppdrag frå Lefdal Mine Datacenter.
Lefdal Mine Datacenter produserer omlag 5000 kubikkmeter vatn med 20 graders temperatur i timen. Dette er ein stor ressurs som datasenteret ønskjer å nytte for å verte enno meir berekraftige og for å skape fleire arbeidsplassar. Denne utfordringa er det elevane har jobba med, og i dag vart ideane presenterte. Det var høgt nivå på løysingane både kreativt og teknisk.
Løysingane elevane kom med i dag:
- Algeproduksjon
- Hummarfarm
- Termisk havkraftverk - på land
- Nitinol-basert generator som vil produsere el.energi
- Dyrke mikroorganismar/medisin i gruvegangar
- Saltkraftverk
- Lefdal Mind, zero village, ny høgskule for datautd.
- Mangofarm
- Produksjon av tunfisk
- Badeland, restaurant og vinproduksjon
Bilete frå presentasjonane

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene