Lærte nettundervisning i Spania

6 personar står i lag ute.

Tre lærarar frå Eid vgs reiste første veka i oktober til IPEP Almeria i Spania for å lære meir om nettundervisning.

Anita Hunvik, Birgitte M. Barvåg og Anna K. Hellevang ved Eid vgs underviser på nettskulen på vg4 påbygging til generell studiekompetanse. Gjennom EU-programmet Erasmus+ fekk Eid vgs midlar til å dra på jobbskygging på ein liknande skule i Almeria i Spania. Her fekk lærarane frå Eid nyttig erfaring og gode idear til ulike måtar å drive nettundervisning. Almeria ved Middelhavet er hovudstad i provinsen Andalucia med om lag 100.000 innbyggarar. Under heile opphaldet i Almeria var det om lag 30 grader og sol.

Nettbasert utdanning

Lærarane frå Eid vgs vart varmt tekne i mot av lærar Carlos Villoria Prieto som er leiar for Erasmus+, og i tillegg underviser han historie og geografi ved IPEP Almeria. Dette er ein vidaregåande skule som også tilbyr undervisning for vaksne. Lærarane ved skulen vekslar mellom å jobbe dagtid og ettermiddag/kveld. Skulen tilbyr fulltid nettundervisning og dei har nettundervisning kombinert med kveldsundervisning på skulen.

- Vi vart tekne utruleg godt i mot på skulen av alle, dei var veldig villige til å dele eigne erfaringar, fortel Birgitte M. Barvåg. Lærarane frå Eid fekk nyttig erfaring ved å jobbskygge fleire av lærarane, både undervisning i klasserommet og ikkje minst nettundervisning.  

Underviser engelsk på nett

Loli Alicia Nicolás er leiar for nettundervisninga og ho underviser også i engelsk. Elevane får ein time nettundervisning i veka og ein time der elevane jobbar meir på eiga hand. I denne timen får elevane svar på spørsmål som dei har til oppgåver dei skal gjere. Loli  fortel at heimearbeid utgjer så mykje som 50 % av karakteren til elevane, medan 45 % av karakteren er testar/prøver som dei har om lag anna kvar veke. Dei siste 5 % av karakteren er kor aktive elevane er på plattforma, som dei nyttar i nettundervisninga. Delegasjonen frå Eid fekk møte ei gruppe vaksne elevar som hadde jobb på dagtid og som kom på skulen frå kl. 15. Dei sa at med opplegget med undervisning etter jobb og på nett fekk dei fullført skule samstundes som dei kunne vere i arbeid. Utdanninga kvalifiserer dei til høgare utdanning.  

Jobbskygging

Lærarane fekk følgje to lærarar på nettundervisning. Den eine læraren hadde førebudd ein Power-point-presentasjon der han samstundes gjekk gjennom viktige høgdepunkt i rennesansehistoria. Ein designlærar fortale om reklamepåverknad og gjekk inn på nett og synte døme til elevane samstundes som han forklarte korleis store merkevarer som Nike og Coca Cola klarar å påverke oss som forbrukar. Lærarane frå Eid var imponerte over kor godt dei spanske lærarane brukar hendene når dei understrekar noko viktig med kroppsspråket.

To-språkleg satsing utdanningsløpet

På programmet var det også tid til eit møte med Almeria sin Erasmus-koordinator, Daniel Pradus Torrecillas som også er tidlegare engelsklærar. Han fortalde om satsinga som Almeria har på multikulturell utdaning gjennom tospråkleg utdanning. I ulike fag blir både spansk og eit framandspråk brukt som del av undervisinga. Dette er med på å styrke elevane sine språkkunnskapar. Det vil seie at minst to fag blir undervist på to språk. Dersom ein lærar underviser historie på spansk og engelsk, må engelsk vere undervist 50 -100 % av tida. Så langt er det tospråkleg satsing gjennomført på flest ungdomsskular og vidaregåande skular, men eit par barnehagar og eit par barneskular er også med. Klassar som har dette opplegget får også med seg ein frivillig språkassistent. Dette er gjerne ungdomar i alderen 22-25 år med gode språkkunnskapar. Ein stolt leiar for utdanning i Almeria, Francisco Alonso Martinez, hadde også tid til eit kort møte med lærarane frå Eid.

Historiske bymurar

I tillegg tok historielærar Carlos Villoria Prieto med lærarane frå Eid på interessant omvising i Almeria ved dei gamle bymurane. I området rundt fekk lærarane vitje eit gardbrukarmiljø som er kjend for mange westerninnspelingar. Her fekk lærarane frå Eid gå gjennom ei gate som var kulisser til Clint Eastwood sin legendariske westernfilm frå 1965 «For a Few Dollars More». Almeria er kjend for tapas, og ikkje minst vart turen ei god matoppleving.

Lærerik erfaring

Lærarane på Eid vgs sit att med mange svært gode og nyttige idear til vidare arbeid med nettundervisning.

– Det var meiningsfylt å få reise og delta på jobbskygging hos skular som driv på med det same som oss på vg4, fortel Birgitte M. Barvåg. Ho håpar at Eid vgs kan halde fram med samarbeidet med IPEP Almeria.

Nettundervisning opnar dører

Avdelingsleiar Bente Olseth, seier at Eid vgs ønskjer å styrkje og utvikle fleksibiliteten til utdanning for vaksne. Olset seier nettundervisning er god distriktspolitikk der ein kan få fleire buande i distrikta under utdanning.

 - Vi ser at denne måten å organisere undervisning på er ein føresetnad for at enkelte vaksne skal kunne få studiekompetanse og dermed få moglegheiter til å kunne ta høgare utdanning, seier Olseth. Ho legg til at skulen og regionen er opptekne av den livslange læringa og vil gje vaksne ein moglegheit til både kvalifisering og rekvalifisering. Då er moglegheiter med Erasmus+ eit nyttig verktøy til å utvikle nettundervisninga.

- Å knyte kontaktar internasjonalt slik vi gjer gjennom Erasmus+, vil gje oss moglegheiter til å vere langt fremme på utvikling av vår egen lokale kompetanse samtidig som vi får vere med på å påverke ved å dele av eigen kompetanse, fortel Olseth.