1STA og 1STB på Stokkenes Golf Park

Vg1 elevar klar til golf

16. mai hadde 1STA og 1STB ein kjekk sosialdag på Stokkenes Golf Park.  

Måndag 16. mai var 1STA og 1STB på golfbana i timane før lunsj. Elevane fekk instruksjonar frå Agnar Kvalsund, som er sertifisert kurshaldar i Nordfjord Golfklubb, og fekk prøve seg både på green og driving range. Nokre av elevane hadde også spelt ein del golf tidlegare, og kunne hjelpe dei andre med teknikk og reglar. I tillegg til golf, spelte vi også kubb og slåball, før me avslutta det heile med pizza. Sola skein, og vi kosa oss med alle aktivitetane!