Torsdag 2. mars feira Eid vidaregåande skule 100-år med jubileumskonsert. Ein fullsett kulturhussal på Operahuset fekk gledeleg gjensyn med innslag frå ulike musikalar som har blitt sett opp sidan 2006.
Tidlegare elevar ved Eid vgs som har sjølve delteke i fleire musikalar som elevar, har seinare teke utdanning innan song og musikk. Fleire elevar har blitt profesjonelle artistar. På scenen fekk publikum oppleve Aleksander Raftevold, Martha Pavelich, Ingrid Tykhelle Kayser, Eline J. Lillestøl, Johanne Holmeide, Sunniva Honningsvåg og Håkon Bøen i fleire kjende og kjære musikalar som Grease, Hairspray, Oliver, og sist men ikkje minst Les Misérables. Eitt av innslaga som skapte god stemning i salen var «Om-pah-pah» frå musikalen Oliver.
Espe losa oss gjennom skulehistoria
På scenen fekk vi også eit gjensyn med 100 års skulehistorie stødig leia av Trygve Espe som sjølv har vore lærar og i leiinga ved Eid vgs i over ein mannsalder. Eids gymnas kom i gang hausten 1922 og var det einaste 2-årige gymnaset medan andre gymnas var på 3 år. I aviser kunne ein lese at elvar som ville gå på 2-årig gymnas måtte prioritere å lære framfor å feste. I starten var
t også karakterane på alle elevane publisert i avisa. Etter 61 år, då siste kull gjekk ut i 1983 og 2-årig gymnas var nedlagt, så fekk desse elevane betre snitt enn elevar på 3-årig gymnas. I 1992 vart yrkesskulen og allmennfag slege saman, men først i 2009 vart den samlokalisert med nybygg og Operahus/kulturhus samt bibliotek, slik det er no. No har skulen om lag 400 elevar på studiespesialiserande og på yrkesfag. Elevar på yrkesfag frå ulike linjer som møbe
l, design og elektro har i mange år bidrege med kulissar til ulike oppstillingar både i regi av skulen og Operahuset.
I samspel med bygda
Blant æresgjestane var fylkesordførar Jon Askeland som helsa skulen gratulerte med 100 år der ein som skule klarar å tenkje nytt og vere i eit godt samspel med bygdesamfunnet. Rektor Alf Reidar Myrstad takka alle som har vore med å bidrege til ei flott markering av 100 år.
Etter framsyninga var det duka for festmat i foajeen med jubileumskake for tilsette ved Eid vgs og inviterte gjester. Kultursjef i Stad kommune, Geir Holmen, som har kontoret sitt på Operahuset, heldt ei flott tale og takka for 14 år godt samarbeid med Eid vgs. Han framheva det gode samarbeidet med dei mange oppsettingane i kultursalen med mellom anna musikal og opera.
Bilete frå jubileumskonserten







