Hopp til hovedinnhold

Jubileums t-skjorter

Fire elevar på eit klasserom som produsera t-skjorter.  Dei står og sit ved eit bord. Nokon strippa og nokon pressar.

For å markere skulen sin store bursdagsfest, har elevar på vg2 Interiør og eksponeringsdesign fått gleda av å designe og lage t-skjorter til alle elevar og tilsette på skulen!

Vg2 Interiør og eksponeringsdesign fekk for fleire veker sidan oppdraget Jubileums t-skjorter. Elevane har sida det jobba med design, hatt møte med leiinga på skulen og etter kvart produsert alle t-skjortene. Dei har designa i Adobe Illustrator, nytta foliekutter, strippa nermare 1000 motiv (!) før dei har montert og varmepressa dei - både framme og bak.

I morgon, torsdag, vert det utdeling av t-skjorter til alle på skulen.

HURRA for 100-åringen!