Hopp til hovedinnhold

Den samiske kulturen

Utstilling av elevarbeid. Det heng fire store plakatar på vegg og der står ein glasmonter med ulike produkt inni.

Elevane på vg1 frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign har arbeidd med den samiske kulturen knytt til Samane sin nasjonaldag 6.februar.

I oppgåva kunne elevane velje mellom tre ulike fiktive oppdrag. Felles for alle oppdraga var at dei skulle bli inspirert av den samiske kulturen og duodji, og at det ferdige produktet skulle lagast i Adobe Illustrator.

FRISØR

Oppdraget gjekk ut på å designe dekor til eit hovudplagg (skaut). Det ferdige produktet skulle vere på eit frisørhovud med ei passande frisyre til. Dekoren på hovudplagget er teikna i Illustrator og kuuta ut i tekstilfolie som då er trykt på. 

INTERIØR

Oppdraget gjekk ut på å designe ein bakvegg til ein hotell resepsjon. Dei skulle og komme med idear til materiale og fargar i resepsjonen. Her er bakveggen teikna i Illustrator og skrive ut i eit stort format (100cm i breidda). Målestokk 1:4.

PROFILERING

Oppdraget gjekk ut på at elevane skulle designe eit namneskilt og ein button som ein organisasjon kunne ta i bruk og dele ut til sine medlemmar. Elevane har teikna dei ferdige designa i Illustrator, skrive ut namneskiltet og laga sjølve buttonen.

Nedanfor kan du sjå bilete frå utstillinga.