God aktivitet på FBIE så langt!

Ein modell i papp med sofa, blome og nokre bøker på gulv.

Vg1 Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign har hatt ein kreativ og innhaldsrik start på skuleåret. Elevane har i programfaga jobba ein del med fagteori og dei har blitt kjent med ulike materiale og teknikkar. I YFF har dei til no fått bli kjent med tre av seks yrker dei kan gå vidare på.

På bileta under vil du kunne sjå litt av det elevane har jobba med. Dei har hatt ein del teori rundt farge, dei har jobba med kundeanalyse og brukt det vidare i ein modell og dei har jobba med frisørfaget, blomsterdekoratørfaget og interiørfaget i YFF.