Hopp til hovedinnhold

Fylkesmesterskap Elektrikerfaget

6 elevar står oppstilt.

Erik og Andreas sikra seg 2.plass i Høyanger.

Torsdag 15.februar vart det avholdt Vestlandsmesterskap i elektrikerfaget. Det var Erik Mathias Johnsen-Almenning og Andreas Totland Alværen som representerte Eid vgs.

I år var det Høyanger vgs ved avdelingsleiar yrkesfag Ståle Walsvik med kollegaer som organiserte og la til rette for ein god dag for oss alle.

Elevane samarbeida godt om å løyse oppgåva dei fekk utdelt. Det var jamt mellom laga til siste minutt.

Dommarpanelet besto av regionsjef i Nelfo Bjarte Heggheim, dagleg leiar og installatør i Holmedal Elektriske AS Egil Vårdal og dagleg leiar i YS Elektro AS Håvard Breidvik. Desse gjorde ein god og nøye jobb med å vurdere resultata samt å gje elevane konstruktive tilbakemeldingar som er gull verdt å ta med seg inn i elektrikeryrke.

Vg2 elevane Erik og Andreas sikra seg ein solid andreplass og var nøgd med eigen innsats.

Høyanger stakk av med første plass og overtok dermed den flotte vandrepokalen. Stord tok tredjeplass.

 Vi takkar alle for innsatsen og gratulerer alle elevane med gode resultat.