Hopp til hovedinnhold

FN rollespel

Elevar sitt ved kvart sitt bord på scena i kultursalen og representera sine land.

I dag er det FN rollespel på Eid vgs. Dette er ein del av det tverrfaglege temaet "demokrati og medborgarskap" som vi har fokus på denne veka. Nedanfor er det ei lenke til direktesendinga. Temaet er konflikta i Mali.

FN rollespel ved Eid vidaregåande skule - youtube

Her kan du lese opningstala til rektor:

Velkomen til FN-rollespelet:

I dag skal Tryggingsrådet diskutere konflikten i Mali.
Velkommen til 3STA, 3STB og 3PÅA som i dag skal gå inn i rollene til 14 ulike land.
Velkomen til dei 5 tiande-klassingane som har vore på hospitering på Eid vgs denne veka, og som skal delta i rollespelet saman med 3.klassingane.
Velkomen også til 10.klassingane frå Eid ungdomskule
Velkomen til elevar frå Eid vgs som skal enten lage podkast eller følgje med på diskusjonane i Tryggingsrådet i dag.
OG til slutt: Velkomen til representantar frå FN-sambandet som har tatt turen frå Bergen, og skal vere presidentskap og dermed lede møtet i Tryggingsrådet.
 
Så til rollespelet. I dag skal elevane gjennomføre eit rollespel kor dei skal simulere eit møte i Tryggingsrådet om konflikten i Mali. Hensikta med denne er at elevane skal få trene på munnleg kommunikasjon, undring, samfunnskritisk tenking og få ein djupare forståing for korleis nasjonar og internasjonale organisasjonar samhandlar.
 
Det å representere ein nasjon og vere delegatar i rollespelet her i dag håpar vi vil skape engasjement og innleving. Og at elevane kan få kjenne på kroppen dei utfordringane FN som organisasjon står ovanfor.
 
Konflikta i Mali starta i 2012 då ei folkegruppe i nord i Mali ønska å danne sin eigen stat. Frå då og fram til i dag har mange land, organisasjonar, terrorgrupper, jihadistgrupper og leiesoldatgrupper blitt involvert i konflikten i Mali. I dag er det militære som styrer etter eit kupp i 2020. Befolkninga er utsett for terroråtak, og det er store lidingar med mangel på mat og helsehjelp. 
 
Derfor blir det interessant og spennande. Klarer Tryggingsrådet å kome fram til ei løysing på utfordringane i Mali? Eller vil stormaktene bruke vetorettane sine og hindre at befolkninga i Mali får den helsehjelpa og maten dei så sårt trenger? OG vil Tryggingsrådet kome til semje om å presse militærstyret i Mali til å gjennomføre demokratiske val i løpet av 2024?
 
Eg håpar at eg på gode og konstruktive diskusjonar i Tryggingsrådet.
 
Eg vil ønskje alle nasjonane og delegatane - lykke til!
 
Alf Reidar Myrstad