Hopp til hovedinnhold

Finalen i "Ta ordet"

I august og september har mange av elevane våre jobba med retorikk og taleskriving i norskfaget, for som dei siste fire åra har Eid vgs. også i år starta skuleåret for VG2-elevane med deltaking i talekonkurransen Ta ordet!
 
Ta ordet! handlar om å inspirere, provosere og røre mottakarane sine, og ungdommane skriv talar om det dei brenn for. Konkurransen er arrangert av Universitetet i Bergen, og det blir kåra ein skulevinnar frå kvar skule. Denne går vidare til neste runde, som er workshop i Oslo, Bergen eller Trondheim, og til slutt kanskje som ein av dei åtte som kjem vidare til den endelege finalen i Bergen 28. november. Målet med konkurransen er at unge skal få sjølvtillit til å ytre seg, og ha tru på at det dei har å seie er viktig.
 
Tysdag 29. september var det tid for å kåre Eid vgs. sin skulevinnar, denne gongen i Gymmen Scene og Studio. 9 engasjerte og taleføre elevar frå 2STA, 2IEDA, 2HOA og 3PÅA framførte talane sine i det som blei den største skulefinalen på Eid vgs nokonsinne! Publikum fekk høyre talar om psykisk helse, stereotypiar og fordommar, kvifor det er viktig å bu på bygda og korleis mobiltelefonen kanskje er blitt vår største avhengigheit. Ein jury samansett av elevar og lærarar kom saman for å kåre årets vinnar.
 
Me gratulerer Rubina Helena Podgorski i 3PÅA som Eid vgs sin skulevinnar i Ta ordet! 2026, med sin tale om tradisjonar og kulturarv. Me ynskjer lukke til vidare i konkurransen og god tur til Bergen!