Hopp til hovedinnhold

Besøk om bord i AidaNova

Ein god gjeng med elevar posera med cruiceskipet AidaNova i bakgrunnen.

Tysdag 07.mai var rundt 22 elevar ifrå faga tysk og økonomi ved Eid vgs på omvising på AidaNova, som låg til kai på Nordfjordeid denne dagen. 

Målet med besøket var for tyskelevane fyrst og fremst å få praktisere tyskkunnskapane sine og å sjå og høyre språket i ein annan setting enn på skulen. Dei var nysgjerrige og hadde førebudd gode spørsmål som dei stilte til både guiden vi hadde, men også til turistane. Elevane hadde ikkje særlege vanskar med å forstå det tyskarane sa, sjølv om det nok gjekk litt vel fort enkelte gonger. Guiden vår kunne fortelje at mannskapet bestod av rundt 1.400 personar ifrå 36 nasjonar, og at skipet har plass til 6.800 passasjerar. Denne dagen var det 5703 passasjerar om bord, for ei veke langs norskekysten. Den vanlege ruta for dette skipet er Hamburg/Kiel – Bergen – Nordfjordeid – Ålesund – Stavanger – Hamburg/Kiel.  

Elevane fekk omvising på det luksuriøse skipet og fekk snakka med fleire av turistane, som skrytte av tyskkunnskapane elevane hadde oppnådd på kun eit par år.  

Økonomielevane hadde fokus på berekraft og verdiskaping, og fekk høyre om konseptet «green-cruising». Guiden vår kunne fortelje om eit stort fokus på resirkulering, rensing av vatn og eit ønskje om minimale fotavtrykk i miljøet. Vi fekk omvising i ølbryggeriet om bord, og høyre om korleis dei rensa sjøvatn og brygga sitt eige øl av dette, noko dei var særs stolte av. Elevane fekk same omvising som tyskelevane, men fekk sjølvsagt omvisinga på engelsk. 

 Etter eit par timar med vandring om bord og mange flotte inntrykk, blei vi invitert på middag, der vi fekk forsyne oss av den rikhaldige bufféen. Skipet har forresten 18 ulike «tema»-restaurantar og utallige barar, så her er det muligheiter for kulinariske opplevingar rundt kvart eit hjørne.  

Vi retter ein stor takk til Kjetil Heggen v. Nordfjordcruises som har lagt til rette for dette besøket og håper vi kan komme tilbake til neste år! Auf Wiedersehen!