Besøk av The Brazz Brothers

Brazz280422.jpg

Torsdag 28. april hadde vi besøk av The Brazz Brothers frå Langevågen på Sunnmøre.

Då samla vi alle elevar og tilsett i Operasalen og hadde 45 minutt med spanande og spesialarrangert musikk frå fleire landsdelar. Brørne frå Langevågen har spelt saman i over 40 år, dei har reist verda rundt og har passert 900 skulekonsertar. 
 
Du kan lese meir om dei og konserten her.