Økonomielevane på vg2 har hatt sin første fagdag og første del av denne vart brukt til besøk hos ALTI Nordfjord.
Senterleiar, Gro Gjerdevik tok vel imot oss, og bydde på m.a. heilt nysteikte bollar og sjokkomelk. Perfekt start på skuledagen.
Vi fekk ein presentasjon om historia til ALTI Nordfjord, frå oppstarten frå Moengården i 1985 med Ivar og Bjørn Kåre Moen i spissen, nye Moengården Vest i 2005, Amfi Nordfjord i 2016 og Alti Nordfjord 1.9.2019 der Alti Forvaltning tok over og som no er engasjert i omlag 45 senter og 120 eigedommar i Noreg.
ALTI Nordfjord er ein stor arbeidsplass for Eid kommune, med rundt 200 tilsette og 40 leigetakarar.
Gro fortalte og litt om sin veg fram til jobben som senterleiar. Ho har m.a. vore gründer og har hatt eigen kafé og har hovudutdanninga si frå Hotellhøgskulen i Stavanger. Som senterleiar, tek ho mykje hand om marknadsføring, oppfølging av kontraktar og leigetakarar, sikkerheit og andre nærliggande oppgåver. Då vi var på besøk, var det Halloween feiring som var satsinga.
Vi lærte og noko om korleis tankane bak husleiga til butikkane vart sett, og korleis den var delt inn. Alle butikkane bidreg til marknadsføring av senteret og ulike aktivitetar ein gjennomfører gjennom året for å fremje sal. Val av bedrifter som får leige i senteret og tankar rundt vidareutvikling fekk vi og høyre noko om.
Spennande å sjå salsrapportar frå m.a. Malakoff veka og eit par rapportar frå 2 ulike typar turistskip som låg til kai. Vi skjønnar at m.a. anløp av turistskip og Malakoff har veldig mykje å seie for den positive utviklinga av senteret.
Etter spørsmålsrunde, fekk vi til slutt ein liten rundtur rundt på senteret og avslutta med eit gruppebilde på taket.
Tusen takk for at du ALTI er så positiv og tek imot økonomi-elevane på besøk, Gro! Vi gler oss til å sjå «investeringsgalskapen» din på juleutstillinga.
Kari-Lise og økonomi-elevane på vg2
Bilete frå bedriftsbesøk hos Alti 1



Bilete frå bedriftsbesøk hos Alti 2



Bilete frå bedriftsbesøk hos Alti 3





