Hopp til hovedinnhold

2ELEA til Lutelandet vindkraftverk

Bilete av ei vindmølle. Blå himmel og ein parkering foran.

Tysdag 14.mai tok klassa vg2 elektro, turen til Lutelandet Vindkraftverk. Dette vart ein fin og interessant dag.

Vi starta minibussen tidleg morgon for å rekke passering i forbindelse med ein del vegarbeid.

Framme kl10:30 ved Lutelandet i Fjaler kommune blei vi tatt imot av Anne Britt Hugøy som ga oss ei lita omvisning på kontorbygget. Mens vi fekk servert ein matbit fekk vi forelesning av Håvard Nordvik via Teams. Han underviste oss i mekaniske og elektriske konstruksjonar og eigenskapar til ein vindturbin og korleis dette heng i hop med resten av straumnettet vårt. Vidare kunne Geir Rune Rauset fortelle oss om klima- og miljøaspektet rundt eit slikt prosjekt og korleis det blir jobba for å ivareta naturen på ein god måte. Det blir gjort ein formidabel jobb i å forske på og ivareta alt av fauna, fugle og dyreliv samt imøtekome eksisterande bebuarar omkring eit slikt anlegg.

Etter ein god teoretisk gjennomgang køyrde vi ut til parken og der vi fekk omvising av Anne Britt og ansvarleg for vedlikehald Endre Vesterås frå firmaet Nordex, som er leverandør av vindmøllene. Vi fekk ogso kome inn og sjå korleis det ser ut inne i tårnkjellaren i ei vindmølle. Vegnettet i parken er open for allmennheten og er blitt ein populær plass for sykkel og spasertur.

Vi avslutta dagen med ein tur innom Burger King i Førde.

Takk til SFE som har arrangert og stilte opp for at vi kunne få ei slik omvising.