Rådgjevarane

Illustrasjon.jpg

Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om val av utdanningsprogram og fag. Treng du råd og rettleiing når det gjeld vegen vidare etter vidaregåande skule? Då kan du bestille tid hos ein av rådgjevarane våre.

Ikkje vent med å ta kontakt viss du treng hjelp. Du kan snakke med faglærar, kontaktlærar, rådgjevar eller andre.

Rådgjevarar har teieplikt, og kan hjelpe deg med det du måtte trenge i skulekvardagen.

Korleis bestille time?

 

Rådgjevarane våre

Lillian, Magnar og Birgit er rådgjevarar hos oss.

Lillian er rådgjevar for studiespesialisering og GMU. Magnar er rådgjevar for yrkesfag. Birgit er rådgjevar for tilpassa opplæring.

Lillian Moss

Rådgjevar for studiespesialisering

Magnar Aase

Rådgjevar for yrkesfag

Birgit Båfjord

Rådgjevar for tilpassa opplæring

Føresette er også velkomne til å ta kontakt!

Rådgjevarane håpar at de tek kontakt med skulen så snart råd viss det er noko vi kan hjelpe til med. Samarbeid med heimen ser vi på som viktig.

Rådgjevarane og samarbeid

Rådgjevarane samarbeider og med mange andre grupper/personar:

  • Opplærings-, utviklings- og informasjonsleiar
  • Kontakt- og faglærarar
  • NAV
  • Helsesøster
  • Spesialpedagogisk ansvarlege ( stilling på skulen)
  • Rådgjevarar ved ungdomsskulane
  • Miljøkoordinator ( stilling ved skulen)
  • BUP
  • PPT
  • OT
  • Meltunet barne- og ungdomsheim

I samband med utdanning/yrke har vi òg mykje kontakt med universitet/høgskular, Lånekassa, forsvaret og opplæringskontora for yrkesfag.

Skuleår i utlandet

Ønskjer du å ta vg2 i utlandet? Vi har tilbod i fleire land. Du kan lese meir på Vestland fylkeskommune si nettside.