Her finn du informasjon om gjennomføring av eksamen ved Eid vgs. Du finn også datoar for skriftleg eksamen, praktiske opplysningar og informasjon om tilrettelegging ved eksamen på denne lenkja.
Lokal eksamensplan
Her finn du plan for skrifteleg eksamen.
Praktiske opplysningar
- Skriftleg eksamen våren 2023 blir offentleggjort 12. mai kl 09.00 i VIS
- Munnleg (M), munnleg-praktisk (MP) og praktisk (P) eksamen blir offentleggjort 48 timar før eksamensdagen Skulen skal legge til rette for at melding om trekk blir tilgjengeleg for elevane. Elevane har ansvar for å skaffe seg den informasjonen dei treng og eventuelt lærestoff/lærebøker
Tilrettelegging
Dersom du har funksjonsnedsetting, sjukdom eller andre særlege behov som gir deg vesentlege ulemper i forhold til andre på eksamen, kan du søkje om særskilt tilrettelegging.
Du kan ikkje få tiltak som vil gi deg fordelar framfor andre elevar, eller tiltak som er så omfattande at du ikkje blir prøvd i kompetansemåla i faget. Det er heller ikkje mogleg å legge til rette for å vege opp for manglande kompetanse eller norskkunnsskap.
Søknad må sendast til rektor i Visma InSchooI. Rektor avgjer om og korleis høva skal bli lagt til rette.