Eid vidaregåande skule

Eid vidaregåande skule

Hospitering for 10.klasse måndag 28.10 og tysdag 29.10

I to heile dagar får elevane i 10.klasse besøkje eit utdanningsprogram på vidaregåande skule. Vi ønskjer velkomen til hospiteringsdagane på Eid vgs!

Hospiteringsdagane startar for alle med felles informasjon i Operasalen. Det startar kl 10.00 måndag. Så går ein til det utdanningsprogrammet ein har valt seg og blir der til kl 14.15. Tysdag startar ein direkte i utdanningsprogrammet og er der heile dagen. Elevane får også ei omvisning på heile skulen.

Begge dagane får elevane gratis lunsj på skulen, men det er også høve til å kjøpe seg mat i kantina viss dei ønskjer det. Lærarane som føl elevane blir inviterte på ei fellessamling med lunsj samtidig som elevane har lunsj.

Bussane stoppar rett utanfor skulen. Så dei elevane som er avhenging av buss, rekk fint å nå bussen heimover kl 14.30. Elevmantorar ved skulen vil ta imot elevar som kjem tidleg med skulebussen i kantina til prat og spel. Hjarteleg velkomne!

Detaljtprogram for dagane

TIP PDF document ODT document

Elektro PDF document ODT document

Design PDF document ODT document

Studiespesialiserande PDF document ODT document