Eid vidaregåande skule
Elevar og lærarar ombord i Myklebustskipet

Elevar og lærarar ombord i Myklebustskipet

Økonomielevar på tokt til Sagastad

Fredag hadde økonomielevane ved Eid vidaregåande studiespesialiserande fagdag. Første del av fagdagen var vi på besøk til det nye kunnskapssenteret, Sagastad. Dagleg leiar Solveig Midtbø tok godt i mot oss og fortalte m.a. entusiastisk om korleis prosjektet no er realisert.  

Galleri

Bilde2[1]
Foredrag ved Solveig
Bilde3[1]
Amfi
Bilde4[1]
Solveig ved roret
Bilde5[1]
Solveig ved roret saman med elevane

Elevane fekk kjennskap til korleis prosjektet er finansiert, tankegangen bak drifta og kor kreative ein må vere for å skape og generere inntekter i slike prosjekt. 

Utifrå eit stramt driftsbudsjettet må dei tilsette kunne meistre mange forskjellege oppgåver og dei vert utfordra til kreativ tankegang for å skape nye inntektskjelde til senteret. Planer framover hausten er ulike arrangement m.a. konsertar, fokus på barn og ulike spennande aktivitetar fram mot jul.

Vi lærte også ein del om turistar, og kor ulike dei er. Viktig for senteret å vere bevisst på korleis dei profilerer senteret utifrå kva slags type turistar dei får innom, og kva turistar som er veldig viktige å nå tak i. Cruise-trafikken har svært mykje å bety for å kunne kome i mål i forhold til driftbudsjettet. 

Vi avslutta dagen med eit kort besøk i hjarte av senteret, Myklebustskipet. 

Tusen takk til Solveig Midtbø for eit inspirerande og fagleg nyttig besøk for økonomielevar og lærarar ved Eid vidaregåande skule. Vi gler oss til å følgje historia Sagastad framover, og ser at det er viktig at vi alle er lokale ambassadørar for det flotte senteret. 

Kari-Lise og Renate

Tips ein ven Skriv ut