Økonomielevane på besøk hos Sogn og Fjordane Energi

Økonomifag på besøk til Sogn og Fjordane Energi på Sandane

Elevane som tek økonomifag ved Eid vidaregåande har hatt ein fagdag litt utanom det vanlege. Skuledagen vart flytta til Sogn og Fjordane Energi, der Monica Lystad hadde skreddarsydd eit flott opplegg for økonomielevane våre. Vi fekk innsyn i verksemda, og fekk ei god forståing for kvifor dei tenkjer at dei har «Kraft til å påverke framtida».

Galleri

Ole-J - Kjøp og sal av straum
Føredrag 1
Lukka avd
Martin Holvik
ØKS

Besøket starta med eit informativt føredrag av økonomidirektør Martin Holvik. Her fekk vi informasjon om konsernstrukturen i bedrifta og kvar dei har kraftverk og montørbasar.  Vi fekk også informasjon om investeringar bedrifta har gjort, noko som var særs relevant for elevane på vg3. For økonomistyringselevane var det veldig relevant å sjå rekneskapen og høyre litt finansieringsstruktur, val av gjeld, binding av rente og konsekvensar om ein ikkje hadde binding. Det var og greitt å få litt info i høve rekneskapsanalyse. SFE er ein stor arbeidsplass med om lag 250 tilsette og vi fekk og litt innblikk i ulike yrker/stillingar som er i verksemda. 

SFE har 100% offentleg eigarskap, der Sogn og Fjordane Fylkeskommune eig ca. 50%, BKK ca. 37% og resten av eigarane er m.a. kommunane Eid, Gloppen og Bremanger.  Etter føredraget fekk vi omvising i bygget. 

"Lukka avdeling"
Turen gjekk først innom kontora til dei som har ansvar for kjøp og sal av straum. Her var det Ole-Johnny Nesdal som sto for informasjonen. Deretter gjekk turen innom «lukka avdeling» der vi møtte ingeniørane, som har ansvaret for straumfordelinga i fylket. Denne avdelinga var sjølve hjartet av SFE, synes ingeniørane sjølve, derav namnet «lukka avdeling». Etter besøket på «lukka avdeling» gjekk turen vidare til økonomiavdelinga, der rekneskapssjef Inger Elin Gimmestad fortalde om korleis økonomiavdelinga arbeider og kompetansen som er nødvendig blant dei tilsette på avdelinga. 

Herleg lunsj! 
I kantina fekk vi lunsj frå buffet. Lunsjen bestod av brødvarer, pålegg og salat. Sidan det var fredag fekk vi, og dei tilsette, sveler og vaflar. Etter ein god lunsj gjekk turen vidare til kraftverket Eidsfossen,  Her fekk elevane og lærarane vere med inn å sjå på turbinane som produserer noko av straumen som SFE sender ut til sine kundar. Så var det tid for å vende nasa heim att. 

Tusen takk til Monica og SFE for å ta imot oss med godt opplegg, omvisning og deilig lunsj. SFE verkar å vere ein svært god arbeidsplass.

 

Helsing lærarar og elevar 

Tips ein ven Skriv ut