Eid vidaregåande skule
Elevar foran ei dreieskive

Yrkesretting av engelskfaget

Som eit ledd i yrkesretting av fellesfaget engelsk, besøkte 2IUA nyleg Fjordane folkehøgskule i engelsktimen. Trond Ove Sira som er ansvarleg for kunstlinja, tok godt i mot oss. Han viste oss rundt på skulen og fortalde litt om livet på ein folkehøgskule, før han tok oss med til lokala til kunstlinja i kjellaren til hovudbygget. Stikkord for linja er i fylgje nettsida til skulen kunst, foto, glas og reise og det viste seg å stemme.

Sira tok oss med på ei runde gjennom heile kunstavdelinga. Skulen har eigne rom for arbeid med keramikk, oljemåling, glaskunst, foto og vikinghandverk og den dagen vi besøkte skulen fekk vi møte elevar som arbeidde innanfor alle desse disiplinane.

Elevane og faglærar Sira fortalde oss om dagleglivet på folkehøgskulen, faga skulen tilbyr, korleis ein folkehøgskule skil seg frå anna utdanning og sjølvsagt om reisene elevane får vere med på. I fylgje Sira vil mange ha godt av eit år på folkehøgskule - utan krav om vurdering av måloppnåing, men med eit rikt og variert fagtilbod og sosialt liv.

Kanskje finn vi nokre av våre elevar på ei av dei spanande linene Fjordane folkehøgskule har å tilby om eit år eller to?

Besøket på kunstlina var i alle høve svært lærerikt og interessant og viste oss litt av mangfaldet på Fjordane folkehøgskule.

 

 

Anita, Ragnhild og elevane i 2IUA

Tips ein ven Skriv ut