visma in school

Visma InSchool-appen

Visma har aktivert pushvarsel og internmeldingar i Visma InSchool-appen. Du kan i tillegg sjå timeplanen din og oversikt over fråværet ditt.

For å sende melding eller motta varsel i appen, må du vere kopla til trådlaust nettverk eller ha aktivert mobildata. 

Merk!

Dersom du ikkje aktivt loggar ut frå appen, vil du vere innlogga i tre månadar. Då vil appen nytte wifi/mobildata i bakgrunnen for å hente pushvarsel og internmeldingar. Du vil ikkje få pushvarsel eller meldingar så lenge du ikkje er logga inn eller kopla til nett.

Dersom du opplever at pushvarsel ikkje fungerer sjølv om du er logga inn, må du sjekke at du ikkje har slått av funksjonen under innstillingar på eigen mobil/eige nettbrett. 

Hugs å følgje med i Visma InSchool sine kanalar for oppdateringar og nyheiter.