Eid vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign/Vg2 Interiør og eksponeringsdesign
IMG_20200909_134441[1]

Vg2 Interiør og eksponeringsdesign

For deg som:

  • Er glad i å skape og designe
  • Vil arbeide praktisk
  • Likar å teikne for hand og på data
  • Likar å byggje modellar og lage prototypar
  • Likar å jobbe med trendar og stil
  • Vil arbeide med maskiner og utvikle nye idear og løysingar

Galleri

Produksjon av modellar
Produksjon av modellar
kreativeelevar1024x384
037bdfaa-fba3-4d90-a0ca-3ee6f1c7cf75
eid asia profilering 1
IMG_0461
IMG_20201105_141105
Interiør arbeid 1

Noko av det du lærer:

  • Arbeide med reelle oppdrag
  • Planlegge eit interiør, lage bilreklame
  • Bruke dataprogram som er aktuelle for bransjen
  • Designe ny profil for bedrifter
  • Skape spennande vindaugsutstillingar
  • Bruke folieskjærer og laserkuttar
  • Skape di eiga bedrift

Kva kan du bli?

Interiørkonsulent

Profileringsdesigner

Utstillingsdesigner/Eksponeringsdesigner

Interiørkonsulent:

Går du vidare på Interiør vg3 etter dette året, så får du yrkeskompetanse og tittelen interiørkonsulent. Då kan du arbeide med planlegging av kjøkken, bad og interiørløysingar. Du kan arbeide som konsulent for ulike bedrifter. Du kan óg gå vidare på skule og utdanne deg til td. interiørarkitekt og boligstylist.

Profileringsdesigner:

Etter vg2 går du 2 år i lære i ei profileringsbedrift. Som profileringsdesigner får du jobbe med foliering av vindauge, design av logo og profileringsmateriell. Ein arbeider mykje praktisk med foliering på bil og montering av skilt. Digitale verkty blir nytta i arbeidet. Her er jobb moglegheitane mange.

Utstillingsdesigner/ Eksponeringsdesigner:

Går du vg3 Eksponeringsdesign får du tittelen eksponeringsdesigner. Då kan du arbeide med ustillingar og reklamemateriell for butikkar, bedrifter, messer og eventer.

Du kan òg gå påbygg vg3 og få generell studiekompetanse.

 

Sjå fleire av våre prosjekt på instagram: @iua_eid_vgs

 

Eid vidaregåande skule

Som elev ved Eid vidaregåande skule får du vere med å jobbe tett opp mot aktivitetar/arrangement i Operahuset, spesielt den årlege skulemusikalen som elevane produserer. Du får samarbeide med elevar frå andre klassar og faglærarar med ulik kompetanse. Gjennom samarbeid med Opera Nordfjord får ein moglegheit til å ta del i arbeidet med ei operaoppsetting og arbeide saman med profesjonelle fagfolk innan kulturfeltet.

Felles tilbod for elevar ved Eid vgs

  • Kvar veke er det open skule med aktivitetar og gratis middag
  • Valfaga musikal og breiddeidrett
  • Tilgong til treningsrom
  • Stor flott kantine
  • Kantina tek omsyn til allergiar m.m.

 

Kontakt

Avdelingsleiar 
Ove Lillestøl
415 30 811
ove.lillestol@vlfk.no

kreativefageidvgs@vlfk.no