
Vg2 Frisør
For deg som:
- Vil arbeide kreativt med fokus på hår, skjegg og styling
- Er oppteken av motar og trendar
- Likar å arbeide med eit fag som er i stadig utvikling
- Likar å arbeide med folk
Noko av det du lærer på frisør:
- Tradisjonelle og nye teknikkar i frisørfaget
- Produksjon av frisørarbeid i bedrift
- Kundebehandling
- Gje råd og rettleiing om hårfasong og produkt
Moglegheiter etter vg2 frisør:
- 2 år lære i bedrift som fører til sveinebrev i frisør
- Eit år påbygg for å få generell studiekompetanse
Etter frisørutdanning kan du:
- Drive eiga verksemd
- Arbeide internasjonalt
- Vidare kursing innan mellom anna sminke, hudpleie, negldesign og maskør- og parykkmakar
- Drive med konkuransefrisering
Frisørfaget har lange tradisjonar og skal fylle behov for profesjonell utføring av hårpleie og frisyredesign. Frisørfaget skal bidra til nyskaping gjennom orientering i internasjonalt perspektiv. Det skal gi forståing for og erfaring med utvikling og produksjon av frisørarbeid på grunnleggjande nivå. Undervisninga skal stimulere til kreativitet i utforming av design, til problemløysning og val av arbeidsmåtar i frisørarbeidet. Undervisninga skal bidra til forståing for forholdet mellom produksjon, ressursforvaltning, marknad og økonomi. Undervising skal også bidra til merksemd på etiske problemstillingar til frisørfaget.
I opplæring skal det leggjast vekt på praktisk arbeid med hår og hårprodukt, frisørverktøy samt grunnleggjande teknikkar. Opplæringa skal bidra til å utvikle sosial kompetanse og evne til kommunikasjon med kundar og fagpersoner frå ulike miljø, og dermed legge grunnlag for profesjonell yrkesutøvelse i ulike samanhengar.
Sjå meir av vårt arbeid på instagram: @frisor_eid_vgs
Eid vidaregåande skule
Som elev ved Eid vidaregåande skule får du vere med å jobbe tett opp mot aktivitetar/arrangement i Operahuset, spesielt den årlege skulemusikalen som elevane produserer. Du får samarbeide med elevar frå andre klassar og faglærarar med ulik kompetanse. Gjennom samarbeid med Opera Nordfjord får ein moglegheit til å ta del i arbeidet med ei operaoppsetting og arbeide saman med profesjonelle fagfolk innan kulturfeltet.
Felles tilbod for elevar ved Eid vgs
- Kvar veke er det open skule med aktivitetar og gratis middag
- Valfaga musikal og breiddeidrett
- Tilgong til treningsrom
- Stor flott kantine
- Kantina tek omsyn til allergiar m.m.