
Elevar og lærar på elektroavdelinga
Vg2 Elenergi
På Vg2 Elenergi utdannar du deg som elektriker, tavlemontør, energioperatør eller energimontør. Etter to år i skulen, er du klar til å gå ut i lære som for elektrofaga er 2,5 år. Linja har eit godt samarbeid med næringslivet. Og elevane er ute i praksis 4 veke i løpet av eit skuleår, i bedrifter dei sjølv ynskjer å prøve ut.
Oversikt over undervisningsfag
Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i
- Fellesfag, programfag og yrkesfagleg fordjuping
Programfag
- Automatiseringssystem
- Elenergisystem
- Data-og elektronikksystem
Yrkesfagleg fordjuping
Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:
- Bedriftsbesøk og utplassering 4 veker i løpet av skuleåret
- Fordjuping innanfor ulike delar av fagområdet
- Arbeid på verkstad
Fellesfag
- Samfunnsfag
- Engelsk
- Norsk
- Kroppsøving
Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om
- Inntakskrav
- Fag- og timefordeling
- Yrke og kompetanse
på vilbli.no.