Eid vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Studiespesialisering/Vg1 Studiespesialiserande
Elevar rundt eit bord

Elevmedverknad er viktig for å få ein god skulekvardag

Vg1 Studiespesialiserande

På Eid vgs har vi to klassar med inntil 30 elevar i kvar klasse. På Vg1 har alle berre fellesfag heile veka. Du vel framandspråk og vel om du vil ha praktisk eller teoretisk matematikk. 

Val av matematikk

Teoretisk matematikk vert tilrådd dersom du skal velje programfag matematikk vidare og/eller velje fordjupning innen realfag. Viss du tek teoretisk matematikk på vg1, kan du ta realfagsmatematikk R1 på vg2 med 5 t/v. Praktisk matematikk er meir praktisk retta og fører til obligatorisk matematikk fellesfag på vg2 med 3 t/v.

Val av framandspråk

Eid vgs tilbyr tysk på nivå II og tysk og spansk på nivå I. Det vil seie: 

Språk på ungdomsskulen

Språk på vgs

Hadde ikkje framandspråk

Må ha tysk i 3 år

Hadde fransk

Kan velje spansk I eller tysk I, og må ha det språket i 2 år

Hadde spansk

Må ha tysk i 2 år

Hadde tysk

Kan velje tysk II i 2 år eller starte på nytt i spansk I og ha det i 2 år

Viss du har eit anna morsmål enn norsk

Kan ta morsmålet ditt som privatist, får eige brev om det ved skulestart

 

 

Kontakt

Avdelingsleiar 
Torild Natvik
920 19 855
torild.natvik@vlfk.no

Rådgjevar 
Lillian Moss
415 30 815
lillian.moss@vlfk.no