Eid vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Handverk, design og produktutvikling/Vg1 Handverk, design og produktutvikling
Handverk, design og produktutvikling

Handverk, design og produktutvikling

Vg1 Handverk, design og produktutvikling

Nytt og spennande nasjonalt utdanningsprogram frå hausten 2020. 

Det som i dag heiter Design og handverk, blir frå hausten av delt i to ulike utdanningsprogram. Det eine programmet heiter Frisør, Blomster, Interiør og Eksponeringsdesign og det andre heiter Handverk, Design og Produktutvikling. 

 

På vg1 før elevane arbeide med å utvikle idear og bruke hendene i skapande prosessar. Vi nyttar mange ulike maskiner og verktøy, og jobbar både digitalt og praktisk. Du får opplæring i grunnleggjande teknikkar, og utviklar form- og fargesans.

Etter vg1 kan elevane på Eid vgs gå vidare på Trearbeid vg2 og deretter ut i lære som til dømes møbelsnekkar, treskjerar og båtbyggjar.

 

Som elev på Eid vgs får du vere med på å jobbe tett opp mot aktivitetar/arrangement i Operahuset Nordfjord, spesielt med Opera Nordfjord og årleg skulemusikal som elevane på skulen produserer. Du får jobbe i team med elevar  frå andre klassar som industriell møbelproduksjon, elenergi og industriteknologi. Du får også jobbe saman med mange ulike faglærarar med ulik kompetanse og profesjonelle som jobbar innan kulturfeltet. Alt som ein del av faga på handverk, design og produktutvikling

På Vg1 jobbar du med ulike teknikkar og fordjupar deg etter kvart i det lærefaget du ønskjer å gå vidare på. 

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag: matematikk, naturfag, engelsk, kroppsøving
  • Programfag
  • Yrkesfagleg fordjuping

Programfag

  • Kulturarv og skapande prosessar
  • Materialer og teknikkar

Yrkesfagleg fordjuping 

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Bedriftsbesøk
  • Fordjuping innanfor ulike delar av fagområdet
  • Arbeid på verkstad
     

Les meir om

  • Opplæringsløpet
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

 vilbli.no.

Kontakt

Avdelingsleiar 
Torild Natvik
920 19 855

torild.natvik@vlfk.no