Eid vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Design og handverk/Vg1 Design og handverk
Frå hospiteringsdagar på design og handverk

Frå hospiteringsdagar på design og handverk

Design og handverk

Er du interessert i design av kle, mote, frisør, smykke, industri, interiør, møbel, reklame osv og vil arbeide med noko praktisk seinare i livet, då er Design og Handverk noko for deg ! Tilbodet på Eid vgs er det einaste i fylket vårt.

Som elev på Eid vgs får du vere med på å jobbe tett opp mot aktivitetar/arrangement i Operahuset Nordfjord, spesielt med operaen og skulemusikalen. Du får jobbe i team med elevar frå andre klassar som industriell møbelproduksjon, elenergi og industriteknologi, i tillegg til lærarar og profesjonelle. Alt som ein del av faga på desing og handverk. 

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag: matematikk, norsk, naturfag, engelsk, kroppsøving
  • Programfag
  • Yrkesfagleg fordjuping

Programfag

  • Produksjon
  • Kvalitet og dokumentasjon

Yrkesfagleg fordjuping 

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Bedriftsbesøk
  • Fordjuping innanfor ulike delar av fagområdet
  • Arbeid på verkstad
     

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

på vilbli.no.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Utdanningsleiar 
Torild Natvik
920 19 855

torild.natvik@sfj.no