Tilsette og elevar ved Eid vidaregåande skule inviterer DEG til open skule

VELKOMEN TIL OPEN SKULE

23. januar 2019

Torsdag 24.januar  held Eid vidaregåande skule dørene opne for alle som er interessert i å sjå kva skulen driv med frå kl 17-21.
Tilsette og elevar inviterer DEG til open skule!

Artikkel og bilder frå Fjordabladet v/Olin Maria Yri

Dei siste åra har det vore ein kveld for føresette på 10. trinn på denne tida av året der dei har fått omvising rundt på Eid vidaregåande skule. I år har Eid vidaregåande skule endra på opplegget, og torsdag held skulen dørene opne for både føresette og andre som er interessert i å sjå kva som føregår.

–Vi skal vise aktivitet rundt om på heile skulen, og gje folk ein smakebit på det som føregår her, seier Ove Bjørlo, rektor ved Eid vidaregåande skule.

Torsdag ettermiddag og kveld blir det difor stor aktivitet på Eid vidaregåande skule og elevar skal vere rundt om på labbar og klasserom for å vise kva dei held på med til vanleg. Design og Handverk er ein av dei som flyttar undervisninga til torsdag kveld, og heile klassa skal delta på torsdag ettermiddag. Også «open skule» som blir arrangert på onsdagar med middag, leksehjelp, spel og sosialt samvære vert flytta til torsdag.

 

I utvikling

Ifølgje Bjørlo og avdelingsleiar, Ottar Bjørkedal, er Eid vidaregåande skule i utvikling med mellom andre fleire byggjeprosjekt som allereie er i gong, men også nokre som er under planlegging. Det er difor viktig for skulen å vise kva som føregår.

–Sjølv om føresette for 10. klasse er hovudmålgruppa også i år, er alle som ønskjer å sjå kva som rører på seg velkomne, seier Bjørlo.

–Det er viktig at dei som bur i regionen veit kva vi driv på med, og no har ein moglegheit til å få innsikt i dette på torsdag, legg Bjørkedal til.

 

Næringslivet kjem

Det er ikkje berre elevar og lærarar ved Eid vidaregåande skule som skal vere til stades på torsdag. Også ulike bedrifter, opplæringskontor og Høgskulen på Vestlandet kjem for å ha stand på torsdag.

–Det kan vere interessant for føresette som lurer litt på vidareutdanning.

–Vi håper dette kan medverke til at fleire kjem, seier Bjørlo og Bjørkedal.