Eid vidaregåande skule

Eid vidaregåande skule

Velkomen til nytt skuleår

Velkomen til nytt skuleår ved Eid vidaregåande skule måndag 17.august kl 08.45. Dersom du ikkje kan møte første skuledag på grunn av sjukdom eller karantene, må du kontakte skulen.

Du spelar ei viktig rolle for å hindre spreiing av koronasmitte. Er du sjuk eller har symptom skal du vere heime og ta kontakt med skulen. Har du vore utanlands? Karantenereglane gjeld for elevar i skulen. Sjekk www.fhi.no
Hald avstand og vask hendene. Ta vare på kvarandre.
 

Eid vidaregåande skule har følgjande opplegg ved skulestart måndag 17.august:
 
- vg1 elevane går i operasalen der elevane får informasjon og blir ønskt velkomen  kl.08.45 – 09.30
 
- vg2 og vg3 går til klasseromma , oppslag og informasjon om kvar vil du finne ved inngangane