
Velkomen til hospitering 28. og 29. oktober for elevar i 10.klasse
Begge dagane startar vi kl. 10.00 og sluttar kl. 14.15. Måndagen er det oppmøte i kultursalen. Der blir det ei kort fellesøkt med orientering om dagane, før elevane blir fordelte etter dei utdanningsprogramma dei har meldt seg på.
Timeplanane for aktuelle utdanningsprogram :
- Teknikk og industriell produksjon
- Design og handverk
- Elektrofag
- Studiespesialiserande
Mat
- Skulen har kantine som er open heile skuledagen. Hospitantane får servert gratis, varm lunsj.
- Medfølgjande lærarar, som vi reknar med vil vere med rundt i klassene, får servert mat.
Leiinga og rådgjevarar ved skulen vil vere tilgjengelege for spørsmål under hospiteringsdagane.
Har de spørsmål i forkant, ta kontakt med:
Rådgjevarar: Lillian Moss og Birgit Båfjord
57 63 83 00 / 415 30 815 / 938 69 752
lillian.moss@sfj.no, birgit.bafjord@sfj.no
Vi ønskjer dykk velkomne til Eid vidaregåande skule og håper de får nyttige og hyggelege dagar her.