Eid vidaregåande skule
Elevar i ferd med å påvise karbohydrat med å bruke Fehlingvæske.

Velkomen til hospitering 28. og 29. oktober for elevar i 10.klasse

Begge dagane startar vi kl. 10.00 og sluttar kl. 14.15. Måndagen er det oppmøte i kultursalen. Der blir det ei kort fellesøkt med orientering om dagane, før elevane blir fordelte etter dei utdanningsprogramma dei har meldt seg på.


Timeplanane for aktuelle utdanningsprogram : 

  • Teknikk og industriell produksjon
  • Design og handverk
  • Elektrofag
  • Studiespesialiserande

Mat

  • Skulen har kantine som er open heile skuledagen. Hospitantane får servert gratis, varm lunsj.
  • Medfølgjande lærarar, som vi reknar med vil vere med rundt i klassene, får servert mat. 

Leiinga og rådgjevarar ved skulen vil vere tilgjengelege for spørsmål under hospiteringsdagane.  

Har de spørsmål i forkant, ta kontakt med: 

Rådgjevarar: Lillian Moss og Birgit Båfjord
57 63 83 00 / 415 30 815 / 938 69 752 
lillian.moss@sfj.no, birgit.bafjord@sfj.no


Vi ønskjer dykk velkomne til Eid vidaregåande skule og håper de får nyttige og hyggelege dagar her.

Tips ein ven Skriv ut