To russ i foajeen_1024x684

Vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse (Meningokokk)

Tysdag 29.januar blir det mogleg å få sett vaksine mot smittsom hjernehinnebetennelse på Eid vgs. Eleven skriv seg på liste i klasserommet og skulelegen skriv ut elektronisk resept til alle på lista. Eleven må hente og betale vaksina sjølv på apoteket (ca. 400kr) og oppbevarar den heime i kjøleskap til vaksinasjonsdagen. Viss eleven ikkje har høve til å møte den dagen, kan dei møte på helsestasjon for ungdom torsdagar kl 14.30-16.30. Sjå meir informasjon om smittsam hjernehinnebetennelse og om vaksinasjonen i skriv under.

Meningokokkvaksinering

Tilbod om vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse til unge 16 til 19 år på Eid vgs:

·        Helsesjukepleiar legg liste i klasserommet som eleven kan skrive seg på om dei vil ha vaksine.

·        Kontaktlærar leverer utfylt liste i ekspedisjonen på Eid vgs innan

11. januar 2019. 

·        Skulelegen skriv elektronisk resept til alle på lista og sender til apoteket.

·        Elevane hentar og betalar sjølv vaksina på apoteket (ca. 400 kr).

·        Oppbevar vaksina i ytteremballasjen og i kjøleskap fram til bruk.

·        Helsesjukepleiar vaksinerer på  Eid vgs tysdag 29.januar kl. 09.00 – 12.00.

·        Dei som ikkje kan kome denne dagen, kan bli vaksinert på helsestasjon for ungdom (HFU) på Eid rådhus torsdagar 14.30 – 16.30.

·        Det er gratis å få sett vaksina til oppsatt tid på Eid vgs. og på HFU.

·        Legekontoret tar gebyr for å sette vaksine.

·        Informasjon: https://www.fhi.no/globalassets/dokumenterfiler/tema/meningokokk-b/meningokokk_brev_ungdom_2018-2019_nynorsk_120718.pdf

 

meningokokk_brev_ungdom_2018-2019_med-utfyllbart-felt_nynorsk_120718.pdf