Uttrekk til eksamen
Elevane vert trekte ut til eksamen på alle trinn, både ved sentralt og lokalt gitt eksamen, etter reglement fastsatt av Utdanningsdirektoratet.
Sentralt gitt eksamen: dato for offentleggjering vert sett av Utdanningsdirektoratet.
Lokalt gitt eksamen: dato for offentleggjering vert sett av Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Varsel
Elevane skal få melding om kva fag dei skal prøvast i 48 timer før dei skal opp til lokalt gitt eksamen i eit trekkfag.
Der Utdanningsdirektoratet eller Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje har fastsett felles eksamensdato og -tidspunkt, vert det fastsett av rektor.
Trekkordning - studieførebuande utdanningsprogram
Vg1
Om lag 20 % av elevane skal trekkast ut til eksamen i eit fag: skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk. I enkelte læreplanar kan elevane bli trekte ut i både skriftleg og munnleg.
Vg2
Alle elevar skal trekkast ut til eksamen i eit fag: skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk. I enkelte læreplanar kan elevane bli trekt ut i både skriftleg og munnleg.
Vg3
- Alle elevar skal opp til obligatorisk skriftleg eksamen i norsk hovudmål.
- Eksamen i norsk sidemål er trekkfag.
- Elevar med fritak for vurdering i norsk sidemål skal trekkast ut i andre fag.
Trekkordning - studiespesialiserande Vg3 (4 eksamenar)
- Alle elevar skal opp til skriftleg eksamen i norsk hovudmål.
- I tillegg skal elevane på studiespesialiserande trekkast ut til skriftleg eksamen i to fag
- I tillegg skal elevane trekkast ut til ein munnleg eller munnleg-praktisk eksamen
Trekkordning - idrett vg3 (4 eksamenar)
- Alle elevar skal opp til skriftleg eksamen i norsk hovudmål.
- Elevene på idrett skal i tillegg trekkast ut til eksamen i tre fag, skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk.
- Minst eitt trekkfag skal vere innan programområdet for idrettsfag
Trekkordning - musikk, dans og drama (4 eksamenar)
- Alle elevar skal opp til skriftleg eksamen i norsk hovudmål.
- Elevene skal trekkast ut til eksamen i to fag, skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk.
I tillegg skal elevane opp til éin obligatorisk munnleg-praktisk eksamen i fag innan programområda for musikk, dans eller drama.
Trekkordning - Yrkesfaglege utdanningsprogram
Vg1 og Vg2
- Alle elevar på Vg2 skal opp til ein obligatorisk tverrfagleg eksamen i programfag.
- I tillegg skal ca. 20 % av elevane på Vg1 og Vg2 trekkast ut til eksamen i eitt fag. Andelen på 20 % skal sjåast over ein to-års periode.
Vg3
Trekkordning - Påbygging til generell studiekompetanse Vg3 (3 eksamenar)
- Alle elevar skal opp til obligatorisk skriftleg eksamen i norsk hovudmål.
- Eksamen i norsk sidemål er trekkfag.
- Elever med fritak for vurdering i norsk sidemål skal trekkast ut i andre fag.
- I tillegg til den obligatoriske eksamenen skal elevane trekkast ut til éin skriftleg eksamen, og éin munnleg eller munnleg-praktisk eksamen.
Trekkordning - Studieførebuande Vg3 innan naturbruk
- Alle elevar skal opp til ein obligatorisk skriftleg eksamen i norsk hovudmål og ein obligatorisk eksamen i felles programfag innan naturbruk
- Eksamen i norsk sidemål er trekkfag.
- Elevar med fritak for vurdering i norsk sidemål skal trekkast ut i andre fag.
- I tillegg til dei to obligatoriske eksamenane, skal elevane trekkast ut til eksamen i yttarlegere eitt fag.
Trekkordning - Utdanningsprogram for naturbruk, Vg3, landbruk
- Alle elevar skal opp til ein obligatorisk tverrfagleg eksamen i dei felles programfaga.
- I tillegg skal elevane trekkast ut til eksamen i eit valfritt programfag.
Der Utdanningsdirektoratet eller Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje har fastsett felles eksamensdato og -tidspunkt, blir det fastsett av rektor.