Eid vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknologi- og industrifag
Elevar og lærar tip

Elevane får god veiledning

Teknologi- og industrifag

For elevar som vel mekaniske og elektromekaniske fag er vg1 i Teknologi- og industrifag produksjon.. Her kan du lære om køyretøy eller helse, kjemiteknikk og produksjonsprosessar.

Teknologi- og industrifag er eit yrkesfag, og Eid vidaregåande skule tilbyr slike kurs:

  • Vg1 Teknologi- og industrifag
  • Vg2 Industriteknologi

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på

Praktisk opplæring

Eid vidargåande har eit breitt og godt samarbeid med bedrifter innan fagområdet og samarbeider tett med lokalt og reigonalt næringsliv, og nyttar bedriftsbesøk og yrkespraksis som ein viktig del av opplæringa og vidare yrkesrettleiing/karriereval.

Skulen legg vekt på elevane sin trivsel og medverknad i skulekvardagen. Ein stor del av undervisninga er praktisk retta og nytt og moderne teknisk utstyr vert nytta i undervisninga. Entreprenørskap og arbeid med ungdomsbedrifter er eit satsingsområde.

På Eid vgs jobbar du tett opp mot arrangement i Operahuset Nordfjord. TIP-elevane er blant anna med og lagar kulissar, byggjer scene, sveiser lampar og lagar møblar og interiør til operaforstillingar og musikalar.

Elevane jobbar etter teikningar frå profesjonelle scenografar, lydesignerar og rekvisitørar og må verkeleg utfordre seg sjølv for å nå mål. Møbelbransjen er stor i vår region, og vi samarbeider tett med næringslivet gjennom trearbeidsringen.

Kontakt

Avdelingsleiar 
Ove Lillestøl
415 30 811

Ove.Lillestol@vlfk.no